I går bestemte eg meg for å fiske etter ein bestemt type fisk, reiste så til Nordfjordeid for å handle utrtyr. Eg vil gjerne takke personalet på Sport 1 Chatlet på Eid for fantastisk god hjelp, både med å finne utstyret eg trengte og ikkje minst litt andre tips angående fisking. Så ein del nye ting havnet i fiskeboksen i går.
Kva var det eg så skulle fiske med dette utstyret? Jo, flyndre blei målet. Dette blei første gang eg har vært ganske så målrettet for kva fisk eg ville ha på kroken. Koblet på fluor carbon snøret, som gjere at sena blir usynleg i vannet. Dette fordi flyndrene har eit ganske skarpt blikk. Deretter tredde eg det inn på ein bom og tok på sjølysende kuler for at flyndra skal syns den er mer attraktiv, her kan ein pynte opp med forskjellige andre ting for å lokke den mot agnet. Festet på to kroker, den eine var str. 1 og den andre str 4. Agnet eg brukte i går var reke, men her kan ein bruke børstemark, sandormer, tanglopper og makrell.
Etter eg hadde ut snøret første gang, måtte eg ta det inn igjen, for eg hadde gløymt å ha på søkke. Så alt fløyt på overflata, det går ikkje sida flyndra er på bunnen 🙂 Da var det berre å omjustere alt.
Forholdene for flyndrefiske var nok ikkje heilt optimalt, sida den var ein del vind. Og ein ligg ganske nær land i fjorden her, på grunn av at det er der sandbunnen er. Så for første gang måtte eg levere fra meg fiskestanga til datteren min, så ho fekk teste utrsyret for meg mens eg styrte båten.
Det vi såg i vannet var at der kom ein del kutling og spiste på agnet. Og der beit på ein del knurr. Men etter ein times tid beit det altså på ei flyndre, ei sandflyndre på 0,046 kg.
Gleden var å ta og føle på i båten, til og med eg klarte å glede meg over fangsten. Ikkje for at datteren min fekk flyndre på kroken, men for at eg då såg at utstyret virka 🙂
No berre gleda eg meg til det er heilt dammande stilt på fjorden, så eg og kan krysse den av på artslista mi.
Skitt fiske, Liz 😉
Fantastisk Liz😊…veit ikkje om eg «våge» vere med deg på fiskje meir….eg bli vel ei pingle å rekne med mitt skarve utstyr…men kan no melde meg som fotograf📸🤣!?
LikerLikt av 1 person
Åh jo, eg er no berre i utprøvingsfasen😄 Dessuten er det jiggen din som slår best an😜
LikerLiker
Så kjekt 🤗
LikerLikt av 1 person