Etter 1 år med lengtande blikk på havets overflate, og båtane som tøffar ut dagleg for å drage opp nattas fangst, eller for å sette line og garn har eg nok latt gå meir inn på meg enn det kanskje burde.
Det blir nok med meg som med Ernst Hamingway sin karakter i «Den gamle mannen og havet» tenkte eg… Det blir å sitte i kjøkkenvinduet til eg blir 102, og aldri få kjenne det napper i snøret som skjærer seg gjennom overflata ein vindstille ettermiddag (Tja eg har nok ein tendens til å krise-maksimere det når eg syns synd i meg sjølv).
Det hjelper jo selvfølgelig enormt på egoet til fishingqueen, når ein høyrer om at fiskerane rundt meg her ikkje får so mykje som ein knurr. Og dei skuldar på leppe-fiskeri og Global oppvarming. Eg derimot skuldar rett og slett på meg sjølv… Klart dei ikkje får noko fisk når sjølvaste fishingqueen sitt fiskeutstyr står og samlar støv i gangen. Fisken har lik som meg tatt seg 1 års pause rett og slett!!
I dag var dagen! Fiskekledene kom på, og eg var klar til å endelig få drage opp nattas fangst!
Faren var selvfølgelig ganske så stor siden fiskeriet her var ganske labert, men det finnes alltid håp i hengande snøre!
Ein skulle jo nesten tru at dei har venta på meg. Eg starta bloggen for å sjå antall arta eg fekk…og kva skjedde i dag, Jau her snakka vi havets mangfald.
Bortsett frå dei her, blei det jo selvfølgelig (uten å vere fullstendig høg på meg sjølv) dei eg får kvar gång som makrell, torsk og sei!
Dette gjorde reint godt for sjela! Og med det kan eg jo berre seie at eg skal søren meg ikkje bli den gamle dama på 102 som sete å ser på fiskeriet frå kjøkenglaset, eg skal vere ho gamle dama som gjere at fisken i fjorden bite på!
Skitt fiske
-Fishingqueen