Fiskeri og fishingqueen..Jau ein kan vel berre seie det sånn, at dei årene er og blir lagt inn ei stond. Så etter umenneskelig mange e-poster og påminning om at eg har ein blogg å oppdatere, tenkte eg at eg måtte uansett holde den vedlike.
Eg har nok arva gleden av og skrive etter mormor. Ho var ein stor tilhengar av å skrive korte historia, limerick og dikt. Var det eit kvart som opptok ho i nærmiljøet, enten til glede eller frustrasjon so sende ho like so godt eit innlegg til avisa.
Det kjekkaste (hadde eg inntrykk av og uttalelser frå sjølve kilda) var når eg skulle skrive stil på skulen. Det vart side opp og side ned med rein magi. Og inni mellom kom andre familie medlemmar innom og forente seg i livlig fantasi om morfar, som hovudperson som måtte komme og hente meg på månen. 16 sider blei den fortellinga. 16 sider uten komma og punktum, så ivrige var vi. (Noko som eg endå slite ein god del med).
Eg tenkje at om mormor hadde vært her i dag, og hadde tilgang til datamaskin eller smartphone ja då hadde ho nok vært ein del av bloggerne på TV 2.
I den anledning tenkte eg og sette bloggen om fiskefangst litt på pause, og heller blogge litt om kvardagen min. Sånn at eg har noko anna å gjere enn å kaste vekk gode hjerneceller på meiningslaus TV glaning, noko som skal seiast er favoritt aktiviteten min. Då sete eg godt planta i godstolen, ete sjokolade, chips og brus. For det syns eg rett og slett at eg fortjena når klokka e 20.00 på kvelden! Då er det me-time. No er eg 20 minutt på overtid, og må spare litt blogging til ein anna kveld.
-See ya