40 og nesten prinsipplaus

Eg blei for snart 2 år sida, mor for tredje gang. Eg hadde frå før to barn som da var blitt 16 og 18 år. Det vil seie at småbarnslivet var long gone og eg var på vei inn i den fasa kor eg kunne tenkje på kun meg sjølv og mine behov.

Men plutselig ventet eg ankomst av ein liten krabat.

Eg var iløpet av årene blitt ein bezzerwizzer innen barn og barneoppdragelse. Var det nokon som hadde peiling på barn….ja so var det meg. Og der var nok ein del ganger at setninga «hadde eg hatt små barn no, så hadde eg gjort ditten og datten». I dag, når nære personer minner meg på det, lyder det meir som årtusenets vits!

Iallefall, 26. Mai 2018, endra livet mitt seg totalt, og ikkje på ein negativ måte. Nei, det var jo rett koselig å få ein liten gut inni livet mitt, og det gikk jo rett strålande….ei stund…når eg amma, og guten berre låg i arma, seng, golv eller andre beleilig plassar ein kan plassere eit lite barn.

«Eg skal berre gje ongen økologisk mat, fri for gift og anna dækelskap» «Eg skal no iallfall lage mat heilt frå botnen heile tida» Kjente sitat frå undertegna… dette gjekk jo strålande, på typ 1 måltid hittil! Eg tenkte nok som andre… mine to første barn voks opp på nestle, og dei ser jo ut til å vere i beste velgående i dag, så kvifor kan ikkje minste mann og ete gulrot puré frå nestle…kvifor lage gulrot puré, når der allerede finnes folk/maskiner som allerede har laga det? Då sleppe eg å styre og stelle og eg har fått 1 ekstra minutt i min kvardag, til å sette beina høgt og nyte småbarnslivet.

«Kor vanskelig kan det vere å la barnet sovne av seg sjølv i senga/vogna osv»? Helsing undertegna!! Endå eit prinsipp eller utsagn eg kan trykke ned i septiktanken! Eg gikk for å få guttungen til å sovne, eg gjekk for å holde han i søvnen og eg gjekk for å roe han ned og fyre han opp.

Og so var det den skjermtida då… der hadde eg og ei heil bråte med restriksjoner. Men den iPaden har vert ei underbar barnevakt til tider. Eg kan med handa på hjerte seie at eg hadde ikkje fått varma gulrot pureen om det ikkje hadde vert for iPaden og snacksen frå nestle🙈😂

Poenget mitt er at samfunnet styrer opp. Gir oss artikler på artikler med usunne jordbær og matvarer frå nestle inneholder spor frå sjokoladefabrikken frå Charlie, samsoving er viktig for å utvikle porene i huda og med for mye skjerm ser ikkje barna anna enn blålys resten av livet! Og du verden så pepper en småbarnsmor på 23 år får, om hun legger ut spørsmål om ho kan kjøyre bil med babyen i 7-8 timer… Eg las og ein artikkel der det sto at mødre over 40 IKKJE burde ha på seg korte shorts, miniskjørt eller string bikini…. ka i svartens utdaterte HÆ??? Koffor??? Ken i svarten bryr seg? Om ei mor UANSETT ALDER ELLER STØRRELSE føle seg komfortabel og sexy i lårkorte klær eller bikini. Ikkje berre burde ho, men vi alle burde applaudere det! Mammalivet er hardt nok, uten å måtte ta imot all ekstra pissprat og nyoppfunnet «regla» frå mammapolitiet. Som vi burde følge berre for å få andre til å føle seg komfortable. Berre ha på deg det du måtte føle, kjør den bilturen, lag den maten og la barnet sove der DU syns det er komfortabelt for deg og dei rundt deg, og løft den midterste fingeren til resten!!!

Eg blei mor for tredje gang etter 16 års pause, og jammen blei eg påvirka av bedrevitende mødre som satt skjult på andre siden av internettet og spydde ut edder og galle til unge nybakte mødre som søkte råd. I ein alder av 40 år, blei eg usikker på om eg i det heile tatt var kompetent til mammarollen som eg no påtok meg. Så kor skremt vil ikkje ei som er 20 år yngre bli?

Det eg har lært no på dei snart 2 årene mini har markert sitt territorie på, er at eg gir blanke #%}$!!! Eg får kjøyre på med det eg føle e best. Og eg skal aldri, ALDRI seie igjen at eg veit best! Prinsippene kan ein berre sende på eit skip til kualalumpur og aldri sjå seg tilbake. Eg velge mine kamper og beholder 2 prinsipp, so legge eg beina høgt og seie meg fornøgde og komfortabel med det😜

Vennleg helsing nesten prinsipplause Liz🙌🏻

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s