Ein litt vanskelig sommer

I år har det nok vert den kjipeste sommeren eg kan hugse. Dels fordi USA turen gikk rett åt skogen, ein del på grunn av den svartens pandemien og sist men ikkje minst på grunn av min psykiske tilstand…

Januar i år begynte eg å føle meg litt nedstemt. Sleit med tunge tanker og livsgnisten berre ebba ut. Men eg burde jo føle meg super happy, skulle jo til USA på sommeren +++. Siden eg har slitt med depresjon før, var eg litt på vakt og kontaktet lege. Så kom coronaen….

For å få litt kontekst seinare i teksten, har eg litt tilleggs info. For 8 år sida, ramla eg ned eit godt stykke etter at det heimesnikra stillaset mitt rauk. Som endte med full sjekk frå topp til tå i Førde, der det da kun var konstatert ein liten brist i nakken. Etter ei stund begynte eg å føle meg bra så eg levde no eit relativt aktivt liv vil eg tør påstå. Etter ein dag i skogsarbeid nokre år seinare sa det *pang*, eg låg strak ut på golvet rett og slett fordi eg sleit med å holde hovudet mitt sjølv. Det gjekk så som så ei stund, og ein dag i påska for 4 år sida, eg satt i solveggen og trykte på mobilen min mista eg følelsen i høge armen min. Reiste på legevakta og fekk smertestillende. Men dette gikk ikkje over, så eg fekk komme meg til fastlegen kor han då skulle sende ei henvisning til mr. Tida gikk… og nesten 3 mnd etter blei eg hastesendt til Førde. (Eg har då i dei her mnd kun gått med ei fungerande hand og store smerter. Etter å ha fått tatt mr, såg dei 2 prolapser i nakken (SNO mest sannsynleg kom etter fallet mitt 8 år tidlegare). Eg blir derfor sendt med ambulanse til Bergen og operert for den eine prolapsen.

Jammen bra den skiten er borte, tenkte eg…no blir sikkert livet levelig igjen, men den gang ei. Etter mykje mykje smerte, smertelindring osv blei ikkje saken nåke beire. og for ca 1 år sida blei det konkludert med permanente nerveskader. Som e temmelig ubehagelig å gå med. Så i november fekk eg nokre medisinar som gjekk direkte på nervesmerter, Naurotin.

Tilbake til det eg starta på. I forbindelse med corona blei jo selvfølgelig USA turen avlyst, og eg blei mørkare og mørkare. Eg tenkte derfor at dette hadde jo sikkert med det å gjere, men syns det var grusomt så tung eg blei berre av det liksom. Livet blei veldig vanskelig å leve og eg kjente rett og slett ikkje igjen meg sjølv. kontakta lege og ba om å bli henvist til psykolog, for sånn som dette kunne eg ikkje gå. Men hørte ingenting…og sjølv lege var vanskelig å komme i kontakt med. Eg begynte å lese meg opp på medisinar eg gjekk på og evt bivirkninger. Og der sto alt korleis eg følte meg, og kor bannlyst medisinen var både av enkelte lega og forbrukere. Så eg bestemte meg for å ta saken i egne hender og slutte med medisin. Så eg kutta alt på dagen….som ikkje var av det luraste eg har gjort. 2 dager etter kutt, var eg eit hårstrå ifrå å ende ALT! Heldigvis hadde eg ei god venninne i nærheten den dagen, så eg sa høgt ka eg tenkte. Og at det redda livet mitt den dagen, er eg 100% sikker på!!

Eg sendte ei melding til legen min ang ka som hadde skjedd og slapp til omtrent på dagen. H*n skulle henvise meg til psykolog, og vi skulle begynne nedtrapping. Eg fekk instrukser om korleis nedtrapping skulle foregå, og at eg ville få oppfølging…det skjedde ikkje. Sommeren tok eg igjen saken i egne hender og starta nedtrapping sjølv. Det vil seie ein heile sommar med tungsinn, men eg klarte det!! Eg skal nok før gå med smerter enn eit så mørkt syn på livet.

No håper eg berre at alt går seg til og eg kvar ein dag, gleda meg til å dra pusten og vere glad for alt eg har rundt meg! Det skulle berre eit par dager til etter fullstendig kutt, så kjente eg igjen meg sjøl og kunne le uten at det blei ein anstrengelse😃

En kommentar om “Ein litt vanskelig sommer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s