Ein litt vanskelig sommer

I år har det nok vert den kjipeste sommeren eg kan hugse. Dels fordi USA turen gikk rett åt skogen, ein del på grunn av den svartens pandemien og sist men ikkje minst på grunn av min psykiske tilstand…

Januar i år begynte eg å føle meg litt nedstemt. Sleit med tunge tanker og livsgnisten berre ebba ut. Men eg burde jo føle meg super happy, skulle jo til USA på sommeren +++. Siden eg har slitt med depresjon før, var eg litt på vakt og kontaktet lege. Så kom coronaen….

For å få litt kontekst seinare i teksten, har eg litt tilleggs info. For 8 år sida, ramla eg ned eit godt stykke etter at det heimesnikra stillaset mitt rauk. Som endte med full sjekk frå topp til tå i Førde, der det da kun var konstatert ein liten brist i nakken. Etter ei stund begynte eg å føle meg bra så eg levde no eit relativt aktivt liv vil eg tør påstå. Etter ein dag i skogsarbeid nokre år seinare sa det *pang*, eg låg strak ut på golvet rett og slett fordi eg sleit med å holde hovudet mitt sjølv. Det gjekk så som så ei stund, og ein dag i påska for 4 år sida, eg satt i solveggen og trykte på mobilen min mista eg følelsen i høge armen min. Reiste på legevakta og fekk smertestillende. Men dette gikk ikkje over, så eg fekk komme meg til fastlegen kor han då skulle sende ei henvisning til mr. Tida gikk… og nesten 3 mnd etter blei eg hastesendt til Førde. (Eg har då i dei her mnd kun gått med ei fungerande hand og store smerter. Etter å ha fått tatt mr, såg dei 2 prolapser i nakken (SNO mest sannsynleg kom etter fallet mitt 8 år tidlegare). Eg blir derfor sendt med ambulanse til Bergen og operert for den eine prolapsen.

Jammen bra den skiten er borte, tenkte eg…no blir sikkert livet levelig igjen, men den gang ei. Etter mykje mykje smerte, smertelindring osv blei ikkje saken nåke beire. og for ca 1 år sida blei det konkludert med permanente nerveskader. Som e temmelig ubehagelig å gå med. Så i november fekk eg nokre medisinar som gjekk direkte på nervesmerter, Naurotin.

Tilbake til det eg starta på. I forbindelse med corona blei jo selvfølgelig USA turen avlyst, og eg blei mørkare og mørkare. Eg tenkte derfor at dette hadde jo sikkert med det å gjere, men syns det var grusomt så tung eg blei berre av det liksom. Livet blei veldig vanskelig å leve og eg kjente rett og slett ikkje igjen meg sjølv. kontakta lege og ba om å bli henvist til psykolog, for sånn som dette kunne eg ikkje gå. Men hørte ingenting…og sjølv lege var vanskelig å komme i kontakt med. Eg begynte å lese meg opp på medisinar eg gjekk på og evt bivirkninger. Og der sto alt korleis eg følte meg, og kor bannlyst medisinen var både av enkelte lega og forbrukere. Så eg bestemte meg for å ta saken i egne hender og slutte med medisin. Så eg kutta alt på dagen….som ikkje var av det luraste eg har gjort. 2 dager etter kutt, var eg eit hårstrå ifrå å ende ALT! Heldigvis hadde eg ei god venninne i nærheten den dagen, så eg sa høgt ka eg tenkte. Og at det redda livet mitt den dagen, er eg 100% sikker på!!

Eg sendte ei melding til legen min ang ka som hadde skjedd og slapp til omtrent på dagen. H*n skulle henvise meg til psykolog, og vi skulle begynne nedtrapping. Eg fekk instrukser om korleis nedtrapping skulle foregå, og at eg ville få oppfølging…det skjedde ikkje. Sommeren tok eg igjen saken i egne hender og starta nedtrapping sjølv. Det vil seie ein heile sommar med tungsinn, men eg klarte det!! Eg skal nok før gå med smerter enn eit så mørkt syn på livet.

No håper eg berre at alt går seg til og eg kvar ein dag, gleda meg til å dra pusten og vere glad for alt eg har rundt meg! Det skulle berre eit par dager til etter fullstendig kutt, så kjente eg igjen meg sjøl og kunne le uten at det blei ein anstrengelse😃

Reklame

Mitt livs reise

I to år har eg no gleda meg fryktelig til ei reise. Det første året var det kun ein draum, eller eit håplaust luftslott. Men i år skulle det altså skje. Alt vart booket og klart i Oktober, og det var for sikkert berre å begynne å glede seg på skikkelig!

Bakgrunnen for at denne reisa er så fryktelig viktig; For 3 år sida, sende eg ein venneforespørsel på Facebook, personen bak den profilen var min søster. (Som eg sendte mld til allerede i 2012, uten å få svar🤨). Etter den dagen har vi hatt daglig kontakt. Vi har besøkt hverandre ca 2 ganger pr år og har funnet tonen. Ikkje berre har vi funnet tonen, men vi er jo så ufattelig like. Like i væremåten og ikkje minst har vi lik humor (som da er det viktigste genet ein kan ha ifølge oss og som vi fant ut måtte ha blitt arvet av fellesnevner). Noe som også var litt greit for min del, som har hukommelsen til Dorry i «finding Nemo», er at ho har akkurat samme navn som lillesøsteren min…kan du tenke deg for ein flaks!! Brith Monica (den lille) og Britt Monica (den store…eller eldre).

For to år siden var Britt på familieferie i USA. Kor eg då kasta ut, om ikkje eg og ho også kunne reise dit eingong. Vi satt ein tidsmargin på 10 år (heilt crazy…ken huska sånt da). Men etter litt tilfeldigheter gjorde det til at vi kunne skrenke det inn til 2 år. I sommer begynte vi å stake ut reisen. Vi har heldigvis felles interesser også, innen musikk. Derfor måtte turen gå til Nashville (som da har vært min drøm siden ungdomsskolen). Det blei booket konserter både på the Opry og Rayman. Og så måtte vi jo til Memphis også, dermed lagde vi rute fram og tilbake der med bil, hvor vi har ulike overnattinger på plasser som virker interessante.

Nashville

Memphis

Bardstown

Vi har 40 år og ta igjen. Skape minner og felles opplevelser. Derfor tenkte vi at en slik tur gjere det til at vi blir bedre kjent med kvarandre. Både positive OG negative sider. Til nå, har vi vel berre positive. Vi har på kvart besøk hittil måtte hatt barna våre å ta hensyn til, og gjort ting ut ifrå dei sine premisser. Derfor hadde det no vært kanon og fått dette til…. For å ikkje jingse heile greia var det derfor naturlig for oss og spare 400 kr (og heller bruke på noe annet i USA) enn å ha med avbestillingsforsikring…… Jau, kyss katta!!!! Kan i svarteste hadde sett for seg at det ville komme ein hersens pandemi og klusse til skiten då?!?

Men vi har bestemt oss for å forbli optimistiske, og tenke at vi kommer oss i vei. Og den teorien går for så vidt bra. Enkelte dager tenker vi «jaja dette skal vi ikkje sjå mørkt på» og andre dager tenker vi «pokker, vi må berre sjå det i augene…vi kjem oss ikkje i vei». Men summa sumarum tenker vi mest på den første!

Tusen takk❤️

Sender ut gode tanker og ein klem til kvar og ein av dåkke❤️

Etter forrige blogginnlegg vart eg rett og slett overvelda og rørt! Tusen takk❤️ Dåkke viste at det som eg tenkte var skit skummelt, ikkje var fullt så skummelt alikevel!!

Det rant inn med meldingar og telefoner av folk som ville sende meg gode tankar, men og folk som hadde noko på hjerte. Dette står det respekt av! Tusen takk for tilliten❤️Der er mange som har opplevd grusomme overgrep gjort av vaksne, som barn. Og det å skulle åpne opp om slike ting, er vanskelig. Det er vanskelig/umulig når du er barn, for ein får ein følelse av at ein ikkje kan stole på vaksne mennesker. Og det kan vere for at du er truet til å tie still, eller kanskje ein har prøvd å snakke/vise ein eller fleire vaksne at der foregår noe i livet ditt som ikkje burde skje, og ein har blitt husja vekk eller i verste fall ikkje trudd.

Denne lasta veks so med deg, og blir ein del av deg. Ein del som kanskje kan bli vanskeligere å dele til eldre ein blir. For som sagt lagar ein seg overlevelses strategiar frå hendelsane tok til, og dei blir lagra permanent i kroppen og i sinnet. Ein har eit anna reaksjonsmønster på ting, som kanskje andre ikkje heilt forstår. No skal ikkje eg sitte her som ein bezzervizzer og seie at sånn er det med alle, men som eg har blitt fortalt av min psykolog og lest av artiklar om nokoleis same ting, har det våre sånn generelt. Men for all del, dette er nok veldig sikkert veldig individuelt.

Etter eg delte innlegget, kom det nok opp igjen mykje grums som måtte bearbeidast igjen. Eg har rett og slett følt meg uvel. Litt sånn depresjon følelse. Og det er nok sikkert bivirkningen av å ta det frem igjen. Eg veit ka som må til, og så med litt tid går det på «skinner» igjen.

Eg hadde ein god og vis mormor, som opp igjennom årene ga meg gode ting å putte i min sekk. lærte meg og sjå positivt på det meste. Men og eit vink på det å vere bevisst ken eg var og blei i møte med andre mennesker. Eg har vært og er av den stille typen, rundt mennesker eg ikkje er trygg på. Men på den andre sida er det ikkje noko som er so kjekt for meg, som å slå av ein prat med vilt framande mennesker i ein heis. For eg er ikkje noko glad i stillhet. Og eg simpelthen elsker mennesker! Og spesielt nye mennesker. Men dette er ganske nytt for meg, fordi eg har virkelig jobba knallhard med å ikkje vere den jenta som sitter inne med alt for store kle! Og eg har lært at er eg raus med meg sjølv og dei rundt meg, ja so skyte dei i offside med raushet og smil. Og det er medisin nok for meg.

Mitt budskap denne fine vårdagen er; ta vare på dei rundt deg, smil til framande du møte på gata, sei hei om ein føle for det, lån nokon som treng det, øyre ditt, vær ein som løfter, vær hyggelig, le so krampa tar deg, smil til deg sjølv, vær sårbar, vær ærlig. Men mest av alt, vær deg sjølv uansett ka omgivelsene seie du skal vere

Litt av bagasjen min…

Aner ikkje kor mange ganger eg har holdt på med dette innlegget. Redigert, slettet og begynt på nytt x-antall ganger…

Og bruke min historie er sikkert noe eg kunne gjort, eller eg kunne levd av den. Gjort meg til eit offer i livet og samfunnet. Men for min del har det blitt noe eg lever med. Inntil for 10 år siden, var der svært få som visste ka eg hadde i min ryggsekk, til og med eg visste svært lite av ka eg bar på. Eg visste selvfølgelig i grove trekk at eg hadde våre utsatt for både overgrep og vold, men ikkje korleis dette hadde våre med å forme den personen eg er i dag.

Uten tanke for kva framtida ville bringe

Grunnen til at eg først for 10 år siden ka som egentlig skjedde, er at eg gikk rett i veggen. Rett og slett så smalt det skikkelig. Eg hadde i forkant av dette slitt med søvnvansker i 2-3 mnd. Dagen begynte som den alltid gjorde, og eg skulle på jobb. Når eg runda hjørnet på huset stoppa alt opp, eg blei grepet av ein indre panikk som utløyste seg i at eg sto og kasta opp og ikkje klarte å rikke meg frå flekken. Naboen kom og fann meg der og fekk meg i hus. Etter det var det å komme seg til legen og få hjelp. Blei da diagnostisert med panikkangst og depresjon.

Ei god periode var eg ganske medisinert. Fekk heldigvis ei barndomsvenninne som omtrent flytta inn og tok seg av alt det kvardagslige rundt dei to barna mine. Etter ei stund syntes eg det var trasig å gå slik uten å føle noe som helst. Ingen glede og ingen sorg….var liksom berre tom. Da oppsøkte eg etterhvert ein psykolog på akuttmottaket, der hadde eg 3 timer og ble henvist til ein traumepsykolog, for her låg det meir bak enn berre ein «vanlig» depresjon.

Eg kom raskt til, og begynte etter ganske kort tid etter å trappe ned på medisinene, så psykologen kunne jobbe med det som låg «under lokket». Eg blei diagnostisert med posttraumatisk stress. Eg vart utsatt for det første overgrepet når eg var ca 6-7 år. Og når eit barn blir utsatt for slike ting, lærer ein seg ulike forsvarsmekanismer. Ein blir «lært opp» til å tru at det er sånn det skal vere, og ein blir trua til å ikkje seie noko for då vil det enten gå utover seg sjølv eller andre. Dette vedvarte i nokre år. Eg blei etterkvart og utsatt for vold. Slått og sparka med meir. Her lærte ein seg til å skjule blåmerker, det gikk jo aldri ut over synlege kroppsdeler. Men eg husker ein gång etter ein bad/gymtime kor ei i klassa spurte om korleis eg hadde fått alle blåmerkene. Kor på eg då var kjapp i replikken og svarte «Ja du veit det treet ut i hagen vår? Der klatra eg opp og datt ned».

Som barn likte eg best å vere åleine

Hos psykologen jobbet vi intenst, både med triggere, samtale og noe tilsvarende hypnose. For første gang kunne eg «sjå» hendelsene i detalj. Det var rett og slett grusome gjenopplevelser av hendelsene, men hele tiden gjorde ho meg bevisst på at ingenting av dette var min feil. For det er det eit barn blir overbevist om at det er. «Det er eg som har sagt eller gjort noko som gjere at han/hon vil gjere sånne ekle/vonde ting mot meg».

Korleis klare du og leve og fungere med dei tingene i «minnebanken» din? Du er jo alltid så smilende og blid…. Er du ikkje sint? Korleis klare du å forholde deg til dei som gjorde dei her tingene mot deg?

Eg var heldig som hadde to fantastiske besteforeldre rundt meg i oppveksten. Som heller ikkje visste korleis eg hadde det i livet utenfor familielivet. Fra utsiden såg det nok ut som om eg hadde det heilt fint. Eg var jo alltid så smilende, glad og blid. Og eg hadde det jo bra, tingene som skjedde på utside var jo et annet liv på en måte. Eg levde i to verdener. Så hadde det ikkje vært for det gode livet besteforeldrene mine gav meg, kunne jo livet mitt sett heilt annerledes ut.

Eg er ikkje bitter og eg er heller ikkje sint. Dei som gjorde dette må nok ha det ille med seg sjølv. For no i dag er eg klar over at ingenting er min feil. Psykisk vil det nok alltid ligge triggere der som gjere det til at eg har dårlige dager. Og det må eg akseptere. Eg har lært meg å leve med dette og vere åpen om det, for det var noen av nøklene psykologen gav meg. Fordelen no når eg kjenner på dei følelsane som fekk meg til å gå i veggen for 10 år siden, er at eg veit ka som skjer. Eg har venner og familie rundt meg, som eg kan snakke med når ubehaget melder seg. Det er ikkje likt for alle, men for meg fungerte det når det kom ein person inn i livet mitt, som forholdt seg heilt objektivt til alt og satt med kunnskap som kunne få meg av medisin og hjelpe meg til å fungere som menneske igjen!

Psykisk helse hos alle, både små og store er en av dei viktigaste tingene og ta tak i. Eg veit korleis det er å gå rundt som både eit lite barn og ein vaksen person med psykiske utfordringer. Eg velger å sjå på det som å ha eit ess opp i erme! Kanskje eg må bruke det ein dag til å skrive ei bok, så eg endelig får kryssa ut Skavlan på bucketlista mi😜

Eg bære iallfall vidare på min bagasje frå livet, og heldigvis er den ikkje så tung no som for 10 år sida….

Når barnet ditt skal operere….

Tenkte å bruke tida her på Haukeland sjukehus på å oppdatere bloggen litt. (Med tillatelse frå sjølve pasienten.

No sitter vi som sagt på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Julie er nå på dag 2 etter å ha blitt operert for skoliose. Det vil si at ryggraden ser typ slik ut

Dette bildet er av ryggen til Julie ca 10 dager før operasjon, da var skeivheten over 50%. Så planen her var da og stabilisere og rette opp den øverste svingen, og så skulle de vurdere når de var under operasjon, om de måtte gjere det heilt ned.

Her var vi kvelden før operasjonen, og var med godt mot begge to. Julie var nyskuret og såg på dette med både skrekk, for kva utfallet ville bli. For under ein slik operasjon, er der fare for lammelser. Men ho såg og på det med eit litt meir positivt retta syn, at ho ville bli meir rak i ryggen og at ho ville slippe dei smertene ho til no har hatt med dette.

Kl 07.00.2020 vart ho lagt inn. Vi blei fulgt av ei trivelig sjukepleier til blokka der operasjonene foregår. Eg fekk på meg klesdekke og fekk følge Julie inn på operasjonsstua. Der var da allerede 4 stykker på plass. Julie fekk maska over ansiktet med beskjed om å puste og slappe av. Augene seig meir og meir saman og tilslutt sov ho tungt, og det var tid for meg å trekke meg ut. Det vart mange og lange timar å vente. Eg prøvde å fylle dei med ting heile vegen, så eg slapp å få bilde i hode av at ho låg på operasjonsbordet. Heldigvis hadde eg gode venna som slo på tråden og fortalte artige historier og tørre vitser. Hadde også fått beskjed med pasienten sjøl, om å følge opp snappen hennes.

Då blei det tørre snapper som dette

Ca 14.30 fekk eg beskjed om at operasjonen var over, og eg kunne helse på ho eit øyeblikk. Om det var gledesrus eller sjokk av å sjå barnet sitt kobla til eit hav av ledninger veit eg ikkje, men då gjekk eg rett i kjelleren eit øyeblikk… Heldigvis skulle eg rett ut igjen å vente ei stund før eg fekk sette meg inn til ho. Så da satt ein der med pipende maskiner, mange pleiere og andre som hadde våre gjennom operasjoner.

Som mamma og sitte på sidelinja i ein sånn situasjon, var helt grusom!! Trur aldri eg har følt meg så hjelpeløs og tafatt som dei her dagane vi til no har vert på Haukeland. Samme dag som ho var operert var ho oppe på sengekanten og satt, men måtte legge seg fort da både ho og mammaen holdt på å svime at (true story) Formen til Julie er veldig varierende, og dei prøva å finne utav den beste smertelindringen for ho. Formen steig selvfølgelig betraktelig ei stund, når ho fekk ta fram mobiltelefonen, som pleierne mente kunne bidra som den beste medisinen😄Men ho har klart å gått ei runde på rommet i dag 05.02.2020!! Dessverre nådde vi ikkje å få det på film. Men vi tenker at dette går bra, bare ho nytta tida med hjelp når ho er her.

Litt humor har eg fått dytta inn her og der, så i dag sa Julie at ho ikkje orka humoren min, for da måtte ho le og det klarte ho ikkje. Så eg måtte ut og vere morsom med tilfeldige mennesker i dag😎.

Ha ein trivelig kveld og spør om det eg noko de lure på

Klemz

Mamsen og lille lu❤️

40 og nesten prinsipplaus

Eg blei for snart 2 år sida, mor for tredje gang. Eg hadde frå før to barn som da var blitt 16 og 18 år. Det vil seie at småbarnslivet var long gone og eg var på vei inn i den fasa kor eg kunne tenkje på kun meg sjølv og mine behov.

Men plutselig ventet eg ankomst av ein liten krabat.

Eg var iløpet av årene blitt ein bezzerwizzer innen barn og barneoppdragelse. Var det nokon som hadde peiling på barn….ja so var det meg. Og der var nok ein del ganger at setninga «hadde eg hatt små barn no, så hadde eg gjort ditten og datten». I dag, når nære personer minner meg på det, lyder det meir som årtusenets vits!

Iallefall, 26. Mai 2018, endra livet mitt seg totalt, og ikkje på ein negativ måte. Nei, det var jo rett koselig å få ein liten gut inni livet mitt, og det gikk jo rett strålande….ei stund…når eg amma, og guten berre låg i arma, seng, golv eller andre beleilig plassar ein kan plassere eit lite barn.

«Eg skal berre gje ongen økologisk mat, fri for gift og anna dækelskap» «Eg skal no iallfall lage mat heilt frå botnen heile tida» Kjente sitat frå undertegna… dette gjekk jo strålande, på typ 1 måltid hittil! Eg tenkte nok som andre… mine to første barn voks opp på nestle, og dei ser jo ut til å vere i beste velgående i dag, så kvifor kan ikkje minste mann og ete gulrot puré frå nestle…kvifor lage gulrot puré, når der allerede finnes folk/maskiner som allerede har laga det? Då sleppe eg å styre og stelle og eg har fått 1 ekstra minutt i min kvardag, til å sette beina høgt og nyte småbarnslivet.

«Kor vanskelig kan det vere å la barnet sovne av seg sjølv i senga/vogna osv»? Helsing undertegna!! Endå eit prinsipp eller utsagn eg kan trykke ned i septiktanken! Eg gikk for å få guttungen til å sovne, eg gjekk for å holde han i søvnen og eg gjekk for å roe han ned og fyre han opp.

Og so var det den skjermtida då… der hadde eg og ei heil bråte med restriksjoner. Men den iPaden har vert ei underbar barnevakt til tider. Eg kan med handa på hjerte seie at eg hadde ikkje fått varma gulrot pureen om det ikkje hadde vert for iPaden og snacksen frå nestle🙈😂

Poenget mitt er at samfunnet styrer opp. Gir oss artikler på artikler med usunne jordbær og matvarer frå nestle inneholder spor frå sjokoladefabrikken frå Charlie, samsoving er viktig for å utvikle porene i huda og med for mye skjerm ser ikkje barna anna enn blålys resten av livet! Og du verden så pepper en småbarnsmor på 23 år får, om hun legger ut spørsmål om ho kan kjøyre bil med babyen i 7-8 timer… Eg las og ein artikkel der det sto at mødre over 40 IKKJE burde ha på seg korte shorts, miniskjørt eller string bikini…. ka i svartens utdaterte HÆ??? Koffor??? Ken i svarten bryr seg? Om ei mor UANSETT ALDER ELLER STØRRELSE føle seg komfortabel og sexy i lårkorte klær eller bikini. Ikkje berre burde ho, men vi alle burde applaudere det! Mammalivet er hardt nok, uten å måtte ta imot all ekstra pissprat og nyoppfunnet «regla» frå mammapolitiet. Som vi burde følge berre for å få andre til å føle seg komfortable. Berre ha på deg det du måtte føle, kjør den bilturen, lag den maten og la barnet sove der DU syns det er komfortabelt for deg og dei rundt deg, og løft den midterste fingeren til resten!!!

Eg blei mor for tredje gang etter 16 års pause, og jammen blei eg påvirka av bedrevitende mødre som satt skjult på andre siden av internettet og spydde ut edder og galle til unge nybakte mødre som søkte råd. I ein alder av 40 år, blei eg usikker på om eg i det heile tatt var kompetent til mammarollen som eg no påtok meg. Så kor skremt vil ikkje ei som er 20 år yngre bli?

Det eg har lært no på dei snart 2 årene mini har markert sitt territorie på, er at eg gir blanke #%}$!!! Eg får kjøyre på med det eg føle e best. Og eg skal aldri, ALDRI seie igjen at eg veit best! Prinsippene kan ein berre sende på eit skip til kualalumpur og aldri sjå seg tilbake. Eg velge mine kamper og beholder 2 prinsipp, so legge eg beina høgt og seie meg fornøgde og komfortabel med det😜

Vennleg helsing nesten prinsipplause Liz🙌🏻

Gjesteopptreden

Hei, eg heiter Ludvig og er 15 måneder, og leve livets glade dager i mimrelund ilag med mamma. Ifrå andres perspektiv ser mamma ut som ein helt vanlig mamma, hon gjere typiske mamma ting. Som å lage mat, gje meg nåke ho kalla bestikkelsa, men du søte mi tid ka god dei er. Og når eg ete dei, ja då går alt fint. Men noen ganger når vi er ute på tur og mamma setter meg i vogna og gir meg bestikkelser, og eg ikkje vil ha….ja då skrike eg, og eg skrike høgt. Då e det so kjekt å sjå mamma sprette rundt på butikken for å finne noe som vil gjere det til at EG gjere det HO har tenkt. -GOOOODIIIIS høyre eg nesten mamma rope ut på butikken. Da har mamma tatt en boks og eg får ete det til turen er over😬

OG MAMMA SLEPPER PUSTEN UT….

Ellers er mamma super kjekk, hon vil være med meg heime og leike, og hon vil til og med vere med meg i barnehagen….kvar dag! Skulle sagt til mamma at eg nok klare meg fint sjøl der, for der e såååå mange å leike og tulle med. Men det er litt godt å ha mamma der også, iallfall når eg blir litt lei meg, for trøst er ho skikkelig god på

Når mamma trøsta, då tulla vi og det e soooo kjekt altså.

Det kjekkaste eg veit e å være ute. Om det er sol, regn eller storm. Eg har ein følelse av at mamma ikkje syns det er fullt så festelig. Når vi er ute i storm og regn seier ho -Eg vil flytte til varmare strøk! Pronte!!!. Og når det er sol så skrike ho ÅÅÅÅÅ GUUUU KA FINT VI HAR DET HER🤔

Men all ære til mammen min som er her og passer på alt eg trenge, mat, kle, kjærleik, trygghet og omsorg.

Eg og lisjesysta har funnet ut av at vi har desidert den beste mammen i heile verden
Vi er super duper glad i deg. Vi er meir glad i deg i dag, enn i går❤️

Men vi må ha ei huskeliste til deg her;

-du e god nok som du e

– stol på deg sjølv

– Du gjere ein fantastisk god jobb men alle dine barn

– det er aldri for seint og snu retning igjen

– vi klare oss❤️ Og vi skal passe på deg❤️

sovegodt love you hade xoxoxo😘

Helsing Ludvigsen, Lille Lu og Evensen

Og mens ein ventar….

Fiskeri og fishingqueen..Jau ein kan vel berre seie det sånn, at dei årene er og blir lagt inn ei stond. Så etter umenneskelig mange e-poster og påminning om at eg har ein blogg å oppdatere, tenkte eg at eg måtte uansett holde den vedlike.

Eg har nok arva gleden av og skrive etter mormor. Ho var ein stor tilhengar av å skrive korte historia, limerick og dikt. Var det eit kvart som opptok ho i nærmiljøet, enten til glede eller frustrasjon so sende ho like so godt eit innlegg til avisa.

Det kjekkaste (hadde eg inntrykk av og uttalelser frå sjølve kilda) var når eg skulle skrive stil på skulen. Det vart side opp og side ned med rein magi. Og inni mellom kom andre familie medlemmar innom og forente seg i livlig fantasi om morfar, som hovudperson som måtte komme og hente meg på månen. 16 sider blei den fortellinga. 16 sider uten komma og punktum, så ivrige var vi. (Noko som eg endå slite ein god del med).

Eg tenkje at om mormor hadde vært her i dag, og hadde tilgang til datamaskin eller smartphone ja då hadde ho nok vært ein del av bloggerne på TV 2.

I den anledning tenkte eg og sette bloggen om fiskefangst litt på pause, og heller blogge litt om kvardagen min. Sånn at eg har noko anna å gjere enn å kaste vekk gode hjerneceller på meiningslaus TV glaning, noko som skal seiast er favoritt aktiviteten min. Då sete eg godt planta i godstolen, ete sjokolade, chips og brus. For det syns eg rett og slett at eg fortjena når klokka e 20.00 på kvelden! Då er det me-time. No er eg 20 minutt på overtid, og må spare litt blogging til ein anna kveld.

-See ya

Første gang

Dette har eg gleda meg til!

Da hadde Ludvig sin aller første tur på sjøen i båt, og sjølv om ikkje han tenkte noe vesentlig over det så, hadde han sin aller første skikkelige fisketur.

Sjølv om fangsten var null, var det kjekt å kunne ta med minsten og dele den største hobby og lidenskap ein har.

Så får ein håpe og krysse alt ein har på at fiskespisende er begynt å spire. Nå var iallfall første initiativ tatt, og ein kan bygge vidare på det. Han hadde jo selvfølgelig ikkje samme tålmodighet som eg har. Det største var vel og sitte i fjøresteinane etterpå og ete tang, tare og småstein…

– sea you later – Fishingqueen😊

1 år på land

Etter 1 år med lengtande blikk på havets overflate, og båtane som tøffar ut dagleg for å drage opp nattas fangst, eller for å sette line og garn har eg nok latt gå meir inn på meg enn det kanskje burde.

Det blir nok med meg som med Ernst Hamingway sin karakter i «Den gamle mannen og havet» tenkte eg… Det blir å sitte i kjøkkenvinduet til eg blir 102, og aldri få kjenne det napper i snøret som skjærer seg gjennom overflata ein vindstille ettermiddag (Tja eg har nok ein tendens til å krise-maksimere det når eg syns synd i meg sjølv).

Det hjelper jo selvfølgelig enormt på egoet til fishingqueen, når ein høyrer om at fiskerane rundt meg her ikkje får so mykje som ein knurr. Og dei skuldar på leppe-fiskeri og Global oppvarming. Eg derimot skuldar rett og slett på meg sjølv… Klart dei ikkje får noko fisk når sjølvaste fishingqueen sitt fiskeutstyr står og samlar støv i gangen. Fisken har lik som meg tatt seg 1 års pause rett og slett!!

I dag var dagen! Fiskekledene kom på, og eg var klar til å endelig få drage opp nattas fangst!

Faren var selvfølgelig ganske så stor siden fiskeriet her var ganske labert, men det finnes alltid håp i hengande snøre!

Ein skulle jo nesten tru at dei har venta på meg. Eg starta bloggen for å sjå antall arta eg fekk…og kva skjedde i dag, Jau her snakka vi havets mangfald.

Bortsett frå dei her, blei det jo selvfølgelig (uten å vere fullstendig høg på meg sjølv) dei eg får kvar gång som makrell, torsk og sei!

Dette gjorde reint godt for sjela! Og med det kan eg jo berre seie at eg skal søren meg ikkje bli den gamle dama på 102 som sete å ser på fiskeriet frå kjøkenglaset, eg skal vere ho gamle dama som gjere at fisken i fjorden bite på!

Skitt fiske

-Fishingqueen