Eg hadde vel ikkje den enklaste barndommen, og måtte bli fort «vaksen». Men eg hadde nokre viktige personer i livet mitt som såg meg, og lot meg være det barnet eg var og ikkje minst gjorde at ein sitter igjen i dag med minner som gjere at det som ikkje var greit i livet berre blir ein vag skygge og ein kan omringe seg sjølv med trua på at ein slettes ikkje hadde det so verst allikevel.
Fisking blei ein stor del av barndommen min. Vi reiste på fjellet, slo leir og fisket ørret. Alle var på lik linje, alle hadde samme kompetansen og alle hadde roen til livet. Det blei ikkje stilt krav og ein kunne slippe livet eit øyeblikk og berre være….
Eg gledde meg til kvar ein gång fisking blei aktiviteten for dagen, om det var med kompisen min på kaia for å ta den største torsken, morfaren min på eit nes for at vi skulle ha makrell til middag, eller om det blei av ein annan omsorgsperson for å fiske
opp det ein fekk på kroken. Det være seg torsk, makrell, lyr, sei eller berggylte akkurat det spilte ingen rolle. Fisk var fisk liksom, selvfølgelig er det nesten euforisk og kunne kjenne stanga bøye seg i rykk og napp og bremsa på snella berre gikk. Men ein kjeme ikkje unna å kjenne på følelsen bak det som skjer.
I dag er følelsen den samme, som eit ekko frå fortida. Snøret lenker meg tilbake til følelsen av å være eit barn igjen, av å kjenne mestringsfølelsen av å berre være. Livet skjer heile tida, og om ein kan finne den eine tingen som gjere til at du kjenne at du leve i i nuet, der tid og sted blir uvesentlig. Så må ein gjere det so ofte ein får sjans til det, om det er fisking, være rundt dei som betyr mest for ein, gå på fjellet eller reise på meditasjonstur til Machu Picchu! Gjer det som får DEG til å føle deg som hovedpersonen i ditt eige liv.
Men når sant skal seiast er det ikkje å forakte når ein har ein super fiskedag og EG er den som drar inn flest fisk og ikkje minst den største! Ingenting i veien med å drømme stort, da får minner være minner og følelser være følelser!
Som Olav H. Hauge ville ha sagt; Det er den draumen 🙂