Dei evinnelige nyttårsforsettene…

2018 blei eit sable godt fangst år, men slettes ikkje av fisk. Ein liten krabat meldte sin ankomst i mai🥳

Tiden før fødsel var vel ikkje helsa heilt på topp, ein god del bevegelsesproblem grunna ein stor kul som styrte tyngdekraft og diverse…men ei god tid.

Eit par dager før fødsel, tok eg med meg fiskestang og stol ut på kaia og etter 7 mnd ca uten fangst fekk eg endelig ein god torsk på kroken

Da kunne eg slappe av og nyte min eigen seier😏

Eg tenkte jo selvfølgelig at livet ville vere omtrent det samme som før mini kom. Med andre ord, eg ville kunne dra å fiske når det måtte vere….gikk vel ikkje heilt sånn som eg tenkte. Med ett var det jo slettes ikkje eg som bestemte lengre. Det var mini og veirgudene, som selvfølgelig slo an med den flottaste og varmaste sommaren i manns minne😑 Etterkvart kom rutiner….og fisketur var ikkje en av dei.

Men eit par ganger på kaia blei det🍾

Og det e trist…fryktelig trist. Her en dag kjørte der ein båt ut forbi meg mens eg sto på kaia….det var som å sjå Titanic om igjen (nei båten gjekk ikkje ned). Men der kom ei misunnelig tåre😕😢

Så ett av mine nyttårsforsett er rett og slett at det i 2019 skal bli minst ein fisketur MED fangst👌🏻

Godt nyttår

– Fishingqueen

Reklame

Vidars Fiske AB leverer igjen

En ting eg hadde gleda meg voldsomt til, når turen endelig gjekk til Sverige i år, var å stikke innom Jonas på Vidars fiske.

Det var første gang i fjord eg blei introdusert for denne butikken som ligger i ein kjeller i Karlstad. Den er ikkje stor, men vegger og golv er fylt med alt mulig fantastisk for den som liker og handle fiskeutstyr. Men det som topper heile butikken er Jonas. En meir behjelpelig kar skal ein leite lenge etter. Han er genuint interessert i at du skal få akkurat det du spør om, og det du trenger.

Så fiskeutstyr blei det i år også, sjølv om eg innbiller meg at eg kan meir Svensk enn eg kanskje kan. Da er det bare å vente på å få sjans og prøve den nye stanga og snella.

Vil med det gje ein tommel opp og seie tusen takk for super service til Jonas og Vidars fiske👍🏻 Verdt eit besøk om du er i Karlstad😊

WHAT to do, when in sweden jau då må ein jo selvfølgelig senke sluken i Fryken, for å kanskje få ein Abbor på kroken….men med ein liten tass som ikkje er fullt så interessert i fisking (enda), kan det bli ein tolmodighetstest sjølv om ein ligg i vogna og lever livets glade dager

Vel abbor blei det no ikkje, men fantastiske 10 minutt i Fryken med sluken😏

Skitt fiske

Fishingqueen

Fishingqueen på veg tilbake

Hausten 2017 fekk vi nyheta om at vi skulle bli fleire i 2018.

Det skulle iallefall ikkje legge noko demper på fiskinga mi, tenkte eg.

Og fisketura blei det, den eine etter den andre….problemet var at eg overhode ikkje fekk fisk, ikkje so mykje som ein knurr beit på. Fortvilelsen auka etter kvart som månedene gjekk…Var eg gått frå å dere fishingqueen til fishingnarr??? Og med eit litt ustabilt humør grunna svangerskapet, gjorde ikkje det ting beire for dei rundt meg.

Som om ikkje problemet med at fisken ikkje beit var nok, fekk eg og litt problem med å komme meg oppi og ut av båten etter som tida gjekk, og vinterkle blei og ei utfordring.

Så då blei det og sitte i godstolen og vente på varmare tider. Samtidig som eg blei skeptisk til heile fiskinga. For det var som om heile fjorden var tom for fisk. Min konklusjon deretter var at enten kvilte der ein forbannelse over meg, eller so var fisken ut i havet og ventet på at eg skulle få ut mini og dermed klar til å fiske igjen i tipptopp form🤔

Så kom mai og varmt og fint veir….og kjente at innerst inne hadde eg ikkje heilt sluppet tanken om at eg kunne få fisk. Så eg tok med stol og fiskestang på kaia….sida det å komme seg opp i ein båt var uaktuelt.

DER beit den forsyne meg, 7 mnd etter forrige fisk på kroken! Det blei julaften, bursdag, sommerferie og fødsel-følelse på eingång – det kvilte med andre ord ingen forbannelse over meg🙏🏼

Og med den på kroken, kom det selvfølgelig fleire

Og med det kunne eg puste ut, og berre vente på at den nye fiskaren skulle melde sin ankomst.

Sjølv om han skal få fiskeinteressen inn med morsmelka, må eg nok og lære han til at for husfreden sin skyld bør han fiske uten krok på sluken…om han viser tendenser til å slå meg. Men tross alt fisk eller ikkje, slår nok mini sjølv den største fisken eg eventuelt nokon gång får på kroken

Fortsatt god sommar og skitt fiske

  • Fishingqueen

Jakten på det aller beste

Eit år er over, vi er på start igjen. Og med starten på eit år kjem der og igjen noko av det aller aller beste eg veit. Torskerogna!! Endelig, etter mange måneder med venting e den begynt og komme for fullt.

Eg har på sett og vis vokse opp med denne delikatessen, men då ikkje av den typen ein drege i land sjølv, og koka. Nei den typen torskerogn eg har vakse opp med kom i raude hermetikkboks, med det klingande navnet «Norway Gold Cod Roe» frå Firda Canning. Og den her rogna er det slettes ikkje mange nordmenn som har fått gleden av å smake, for denne blei nok eksportert til andre land som (no tek eg meg litt frihet her) elska Firda Canning si torskerogn.

Eg hadde ein morfar som sto i dampen på Firda, som då var ein hermetikkfabrikk i Måløy. Eg hadde vel halve barndommen min inne på denne fabrikken. Trur samtlige i min familie har gått der og trakka og jobba, eg for min del var ein rein trakkar. Når eg gjekk på barneskulen, var det å gå konsekvent ned til morfar. Inn ei raude metalldør på ned sida, då kom eg inn i eit maskinrom. Vidare var det å åpne ei grå/grøn metalldør og då kom eg inn i produksjonshallen. Der sto dei på rad og rekke i blå kjeledresser med kvite hue, dei såg eigentleg ut som smurfa. Det var nesten sånn det føltes og…å komme til smurfeland. Når dei såg meg komme inn døra der var det vinking og smiling, og det virka som dei var reint overlykkelige over å sjå meg. På begynnelsen av vegen min mot målet mitt, sto der ein frå India, han var ganske liten av vekst, så han sto på tre paller for å nå opp til benken. Denne inderen hadde full kontroll på målet mitt og peika meg dermed i riktig retning (han fekk no ha den gleda, sjølv om eg visste nøyaktig kor eg skulle gå).

Inne i målrommet eit damprom, sto han. Ein tynn, passelig høg kar. Med mørkt hår i sleik bakover og kor han hadde dandert det litt på sida på toppen, sånn at berre eine Viken var synleg. Han her var min store helt, om det var for det at han hadde tilgang til det beste eg visste er slettes ikkje umulig. Han hadde ein blå dress også, men ingen kvit lue…kanskje sjefssmurfen ikkje trenge det?! Vel uansett, eg gjekk han i møte og då kom standar setninga hans og denne setninga var ikkje ei som blei sagt fort og uten all verdens undring i, nei denne var sagt på ein måte som kun han kunne seie den på «Ja….ka du lure på?». Og det merkeligste av alt, dette var eit spørsmål eg aldri svarte på, og heller ikkje trengte å svare på. So gjekk vi der og trakka, morfar drog ut kasser frå ovnene, og stimen sto rundt han så eg verken såg igjen han eller dei raude boksane. Men so steig dei ut av dampen, ein super helt smurf med ein raude boks med Norway gold cod roe! Eg var i himmelen! Eg tok boksen, sat meg ut i maskinrommet drog opp ein boksåpner og ei skei frå skulesekken og hadde meg eit måltid sjølv kongen berre kan drøyme om!

I dag hadde eg same målet, sjølv om denne har litt meir usikkert utfall. Men med 3 sett med trollgarn var det ikkje usannsynlig at det skulle bli torskerogn på meg. Vi drar det eine garnet, og berre ei kjedelig lange og ein krabbe fekk sjå dekket i båten. Garn nummer to skulle vise seg å være like skralt. Eg hadde kjent ei fæla rykking, men dette blei fort avfeid med at det var botnen eg kjende (eg er iallfall sikker på at det var rogntorsken som hang i, men på grunn av aggressiv draging slapp hon unna). Når vi kom til det siste garnet, hadde eg nesten gidd opp håpet om rogn…men plutselig, ned i sjøen i følge med garnet kom den eine etter den andre, det vil seie at vi fekk to mulige. Spenninga var å ta og føle på

Den eine torsken blei åpna og det viste seg å vere ein han-torsk, eg må seie eg sank litt sammen då. Torsk nr 2 blei åpna og la oss berre seie at ALT åpenbarte seg då. Fram frå sprekka viste det seg ei salige rogn og eg kunne feire med at målet igjen var nådd, sjølv om det ikkje var sjefs smurfen som hadde overlevert den, men eg kan garantere at han var med i tankane.

Godt nytt år og eit godt fiske år helsing Fishingqueen🤗

Pur lykke

Å leve i nuet, er slettes ikkje det enklaste ein kan gjere. Inni mellom hentar både tid og kvardag ein inn. Toppen på lykke var iallfall no denne veka, når dagane var fyllt opp med berre fisking. Eg hadde for det første gått til innkjøp av eit dypvannssnøre til snella mi, så eg endelig kunne begynne å fiske på dypet. Rundt fjorden her ligger det på nesten 600 meter (iallfall ifølge appen min). Etter nokre gode timar/dagar landa eg tilslutt to nye artar på lista mi, ei Brosme på knapt eit kilo og ein Uer (Kom på veging etter eg hadde sluppet den ut igjen).

 

 

Eg var også så utrulig heldig at eg fekk være skipper når ein skule skulle ha fiskedag. Her blei det garndraging, barna var super ivrige etter kva som hadde svømt i løpet av natta. Her blei det både sild, makrell, torsk, krabbe, berggylte og ikkje minst ein kjempe stor breiflabb. Veldig kjekt og gjevande og sjå gleden som var ombord. Og forhåpentlegvis er fiskespiren tent hos dei.

 

 

Eg er ikkje noko Lars Monsen, eg likar rett og slett ikkje oppover bakka. Men når eg blir freista med stor fisk i eit vatten, må eg nok legge prinsippene mine igjen heime og begynne å gå… I går var dagen eg skulle til fjells. Dei som styrer veiret, har nok bomma litt på årstidene, så eg var kledd i ull frå innert til ytterst. Her var det berre å flekke av seg etter omtrent 10 minutter. Det var for meg å bestige den høgaste fjelltoppen i verden, men eg hadde heldigvis turselskap som pusha og motiverte det ho klarte. Naturen var jo upåklagelig, eit fargespel uten like. Såg ut som vi vandra rett inni eit maleri av Tidemand og Gude. Så at eg hørtes ut som eg gjekk med ei halve lunge vart fort overskygga av sjølvaste moder natur.

 

Over til sjølve fiskingen; Rykte var at det skulle være ganske så stor fisk her, men det hjelper ikkje kor stor den er om den ikkje biter. Men det gjorde den…iallfall med meg, eg fekk ein som var på størrelse med dei som eg har pleid å fått i andre vatten. Dermed var eg litt usikker på om dette var meir ei myte. Plutselig beit det på, kjendes ut som ein på vanleg størrelse, heilt til eg skulle ha den på land. Dette var nok av storesorten, dermed var eg overbevist og kan med dette garantere at der er stor fisk i Sætredalsvattne i Ålfoten/Sogn og fjordane.

Eg var godt fornøgde med fangste og kunne gå på lette føtter ned igjen frå fjellet. Med eksta last i sekken. Og eg kan seie med handa på hjertet at eg levde i nuet.

Skitt fiske, Liz 🙂

 

Flyndrefiske? Ja takk!

I går bestemte eg meg for å fiske etter ein bestemt type fisk, reiste så til Nordfjordeid for å handle utrtyr. Eg vil gjerne takke personalet på Sport 1 Chatlet på Eid for fantastisk god hjelp, både med å finne utstyret eg trengte og ikkje minst litt andre tips angående fisking. Så ein del nye ting havnet i fiskeboksen i går.

img_1850 Kva var det eg så skulle fiske med dette utstyret? Jo, flyndre blei målet. Dette blei første gang eg har vært ganske så målrettet for kva fisk eg ville ha på kroken. Koblet på fluor carbon snøret, som gjere at sena blir usynleg i vannet. Dette fordi flyndrene har eit ganske skarpt blikk. Deretter tredde eg det inn på ein bom og tok på sjølysende kuler for at flyndra skal syns den er mer attraktiv, her kan ein pynte opp med forskjellige andre ting for å lokke den mot agnet. Festet på to kroker, den eine var str. 1 og den andre str 4. Agnet eg brukte i går var reke, men her kan ein bruke børstemark, sandormer, tanglopper og makrell.
Etter eg hadde ut snøret første gang, måtte eg ta det inn igjen, for eg hadde gløymt å ha på søkke. Så alt fløyt på overflata, det går ikkje sida flyndra er på bunnen 🙂 Da var det berre å omjustere alt.

Forholdene for flyndrefiske var nok ikkje heilt optimalt, sida den var ein del vind. Og ein ligg ganske nær land i fjorden her, på grunn av at det er der sandbunnen er. Så for første gang måtte eg levere fra meg fiskestanga til datteren min, så ho fekk teste utrsyret for meg mens eg styrte båten.
Det vi såg i vannet var at der kom ein del kutling og spiste på agnet. Og der beit på ein del knurr. Men etter ein times tid beit det altså på ei flyndre, ei sandflyndre på 0,046 kg.

Gleden var å ta og føle på i båten, til og med eg klarte å glede meg over fangsten. Ikkje for at datteren min fekk flyndre på kroken, men for at eg då såg at utstyret virka 🙂
No berre gleda eg meg til det er heilt dammande stilt på fjorden, så eg og kan krysse den av på artslista mi.

Skitt fiske, Liz 😉

3 dager og 3 «nye» arter på lista

Ca 16 timer på sjøen har det blitt no dei siste dagane, men eg kan nok rekne med timane eg sitter ved kjøkkenbordet og ser ut på sjøen også. For eg gynger både når eg går og sitter…. Er det da ein er komt i ett med fisken skal tru?

18. September satt eg i båten i 8 tima og prøvde forskjellige sluker og jigger. Så etter nokre timar tenkte eg (er ikkje av dei raskaste tenkerane) at eg måtte ha agn, altså måtte eg fiske etter ein sort fisk…makrell. Satte på ei hekle med rosa reker og ein torskepilk på bunnen. Og hei kor det beit, eg drog opp mengder med makrell, sei og lyr. Eg klarde dermed ikkje å gje meg på mengdene, og det blei ikkje noko bevisst artsfiske.

 

Ein som vart glad for fangsten var iallfall katten min McRell. Ein ganske spesiell katt, som har rolla som bygdeorginal i bygda. Han er det skjer for å seie det sånn.
Dag 2, altså 19 September, satt eg i 4 stive tima uten ett einaste napp. Prøvde det eg hadde av fiskeutstyr tilgjengelig, men den ville rett og slett ikkje bite. Men hadde koselig selskap av ein måse som fulgte med meg heile dagen.

20 September, har lest meg opp på app`ene eg har på mobilen. I følge den skulle det være gode forhold for fiskeri. Prøvde først med ei hekle (måtte ha agn igjen) med nokon blanke reker på og ein torskepilk i bunnen. Gikk ikkje lange stunda så beit det på ei lange, ei veldig lite for så vidt 0, 26 kg, den hadde bitt på den svære torskepilken. Skifta så over til ei hekle med 2 små rosa med fjøre på, og ein makk nederst, der beit det på ganske raskt ein Taggmakrell (Hestemakrell) på 0,48 kg. Og deretter ein knurr, men ein okay størrelse på. Deretter var det stopp, men var godt fornøgd med at eg kunne føre opp nye arter på stang lista mi.

Så får vi satse på at det napper neste gang eg er ut på også. Hadde jo tatt seg ut om eg no hadde tømt havet liksom 🙂

 

Begynnelsen på Artsfangsten er igang

Først av alt vil eg seie tusen takk til alle tilbakemeldingar eg har fått etter eg starta opp med bloggen. Ikkje minst har eg fått mykje tips til kva eg kan skrive om framover, og det gjer meg kjempe inspirasjon,  puff til å skrive og dele av mine opplevingar på bloggen. Så igjen TUSEN TUSEN takk til alle som følger meg og deler blogginnleggene 🙂

«Mange reiser å fisker hele livet sitt uten og vite at det ikke er fisken de er ute etter»
Henry D. Thoureau

                    IMG_7327IMG_0506

Eg prøver å sette min interesse for fisking litt i perspektiv med denne bloggen. Når eg har ein hobby som eg brenn for, har eg og lyst å reflektere over det behovet eg har for å forstå min eigen galskap. Eg blei eigentleg litt oppmerksom på det i vår, når eg enda opp med å ikkje kunne fiske i det heile tatt. Og når det som du har sett på som den ultimate hobby plutselig blir til noko du ikkje får lov og ikkje klare å drive med, er det som å svømme i ferskvann og klage over at du er tørst. Men i nød lærer naken dame å spinne… Siden eg ikkje hadde lov å løfte noko over tre kilo, måtte eg tenke ut noko strategisk. Sidan eg fiskar mykje i fjorden var det jo berre å flytte fisket frå saltvannet og over til ferskvannet, da skal det litt til før det slår ut på kroppens Richters skala.

Og sånn blei det med den saken, uten å bli høg på meg sjølv…. Drog opp den eine kreda (ørret) etter den andre (Kan jo variere litt i størrelse, men sånn flaks har eg ikkje opplevd endå). Var på tur til Sverige, pakka med fiskestanga og fisket abbor i Fryken… litt risky business siden Abboren kan bli 4 kg,

 

Om noen lurer så er eg nå på bedringens vei, og kan begynne å sikte meg inn på fisker med litt vekt igjen snart. I mellom tiden får eg teste ut alt fiskeutstyret eg investerte i, i sommer. Og legge ein plan på korleis eg skal fiske dei forskjellige artene. Og da kommer tv programmet på NRK tirsdagen (Hvorfor biter fisken) godt med.

Uansett, no har eg satt meg som mål å få flest mulig arta på stang. Då er det berre å finne ut kven som biter på kva, og sette igang.

Her er ei lita knippe med arta som eg har fått hittil

 

Fiske liksom…? Why!?

img_1747
Eg hadde vel ikkje den enklaste barndommen, og måtte bli fort «vaksen». Men eg hadde nokre viktige personer i livet mitt som såg meg, og lot meg være det barnet eg var og ikkje minst gjorde at ein sitter igjen i dag med minner som gjere at det som ikkje var greit i livet berre blir ein vag skygge og ein kan omringe seg sjølv med trua på at ein slettes ikkje hadde det so verst allikevel.

Fisking blei ein stor del av barndommen min. Vi reiste på fjellet, slo leir og fisket ørret. Alle var på lik linje, alle hadde samme kompetansen og alle hadde roen til livet. Det blei ikkje stilt krav og ein kunne slippe livet eit øyeblikk og berre være….IMG_1333
Eg gledde meg til kvar ein gång fisking blei aktiviteten for dagen, om det var med kompisen min på kaia for å ta den største torsken, morfaren min på eit nes for at vi skulle ha makrell til middag, eller om det blei av ein annan omsorgsperson for å fiske
opp det ein fekk på kroken. Det være seg torsk, makrell, lyr, sei eller berggylte akkurat det spilte ingen rolle. Fisk var fisk liksom, selvfølgelig er det nesten euforisk og kunne kjenne stanga bøye seg i rykk og napp og bremsa på snella berre gikk. Men ein kjeme ikkje unna å kjenne på følelsen bak det som skjer.

I dag er følelsen den samme, som eit ekko frå fortida. Snøret lenker meg tilbake til følelsen av å være eit barn igjen, av å kjenne mestringsfølelsen av å berre være. Livet skjer heile tida, og om ein kan finne den eine tingen som gjere til at du kjenne at du leve i  i nuet, der tid og sted blir uvesentlig. Så må ein gjere det so ofte ein får sjans til det, om det er fisking, være rundt dei som betyr mest for ein, gå på fjellet eller reise på meditasjonstur til Machu Picchu! Gjer det som får DEG til å føle deg som hovedpersonen i ditt eige liv.
Men når sant skal seiast er det ikkje å forakte når ein har ein super fiskedag og EG er den som drar inn flest fisk og ikkje minst den største! Ingenting i veien med å drømme stort, da får minner være minner og følelser være følelser!  IMG_1738
Som Olav H. Hauge ville ha sagt; Det er den draumen 🙂  

Fiskeartene som gjorde mest inntrykk

Det store var eigentleg når eg fekk ein laks på Granvin i 2016. Etter 5 timer med god tålmodighet beit den på ei møresild med reke som agn!

Var heldig som fekk være med på linefiske. Målet var nok for det andre mannskapet å få brosme, lange og kveite. Men eg mista nok litt fotfeste når denne kom til syne på overflata. Ei fantastisk flott skate. Ei sånn blir nok å satse på med stang neste gang.